Skaff deg breiband hjå din lokale breibandsleverandør i Kvinnherad!

Er du avhengig av ei god internettlinje med god kapasitet tilpassa hustanden sitt bruk og behov?
Då er Kvinnherad Breiband den rette leverandøren for deg.

Gjennom 15 år har Kvinnherad Breiband bygd ut fiber til heile 99 % av Kvinnherad kartet.
Det har på det meste kome nesten 500 nye kundar per år. Dette har gitt dei tilsette i Kvinnherad Breiband rikeleg å halde styr på, og utviklinga har vore formidabel. Innbyggjarane  vil ha den mest framtidsretta og stabile teknologien, og då er vi klare med fiber til folket – opplyser dagleg leiar Gunnhild. N. Hillestad.

    
Foto: Vidar Alfarnes 

Kven er den typiske kunden til Kvinnherad Breiband?
Vi har eit stort spekter av ulike kundar som brukar nettet med stor variasjon. Vi er ein internettleverandør, men leverer jo også tilleggstenester som tv gjennom Get, og telefoni. Get har dei siste åra utvikla ein utruleg innhaldsrik tv-pakke, med frihet til å skreddersy sin eigen tv-kvardag. Dei tilbyr Get tv-app som kan sikra ei god brukaroppleving også utanfor heimen – tv-abonnementet kan med andre ord «vere med i lomma».
I tillegg til dette opplever vi ei  aukande interesse og behov  for høgare hastigheit på internettlinje.
Vi kan dei fleste stader i Kvinnherad tilby hastighet heilt frå 50 – 1000 mbps, så moglegheitene er særs mange.  Streaming av filmar, tv-seriar, heimekontor med skypemøter og bruk av «tunge» applikasjonar gjennom eige arbeid  er definitivt kome for å bli. Vi har difor stort fokus på  å førebu oss på framtida, slik at vi kan tilby det kundane vil ha – når behovet kjem. 
Ei god og stabil internettlinje kan vere den store forskjellen for å oppnå ein god og  effektiv kvardag, med både lekser og heimekontor. Vi har ca. 300 bedriftskundar og 3800 privatabonnement.  Desse ynskjer vi å ta godt vare på og har dei siste åra prioritert tunge investeringar for å imøtekome stadig større krav til hastigheit og nye streamingtenester. Vi følgjer sjølvsagt også med på om vi kan utvide tenestespekterer ut mot kundane.  Fornøgde kundar  er sjølvsagt det aller viktigaste for oss – smiler dagleg leiar Gunnhild N. Hillestad.

Jubileumsår 2018 – 15 år
2018 er året vi fyller heile 15 år. Vi er enormt stolte og audmjuke som får vere leverandør i Noregs vakraste kommune, med over 4200 kundar som ein del av breibandsfamilien, og ikkje minst nærere 100 % dekningsgrad.  Dette er rett og slett heilt unikt og verkeleg noko å vere stolt over – seier Håkon Røstbø –prosjektleiar gjennom heile selskapet si levetid.

Vi oppmodar alle som ynskjer å høyre meir om kva vi driv med og sjå kva vi kan levere av tenester til å vitje heimesida vår www.kband.no eller fylgje oss på facebook i kvardagen. Her legg vi ut informasjon om stort og lite i selskapet.


Foto: Vidar Alfarnes

Vårt bodskap til alle kvinnheringar er sjølvsagt at eit solid internett er i 2018 utruleg viktig for ungar i alle aldrar, vaksne og seniorar. Det knyter oss saman på ein måte ein tidlegare berre kunne drøyme om. 

Ta gjerne også kontakt med vårt kundesenter for ein prat på telefon 53475640, her er ope alle virkedagar frå kl. 07:30 – 15:00.

Global oppleving.
Lokal service.