Vi har passert 4100 kundar med god margin, og ser no fram til å fortsetje fortettingsarbeidet rundt om i heile Kvinnherad. Vi har ein dekningsgrad på 99 % og ein marknadsandel på 78 %.
Det straumer på med bestillingar frå heile kommunen, og kva er vel betre enn det? Vi er godt i gang med 2018 og ynskjer i samband med det å skrive litt om det vi jobbar med.

INTERNETT

Vi er i full gang med oppgradering av alle våre sentralar (nodar) = teknisk hytte)  til ny teknologi. Alle sentralar vert bytta ut, og vi kan etter kvart levere høgare hastigheiter enn det som har vore mogleg til no. Samstundes vil sentralane våre få ny backup på straumsida med større sikkerheit ved straumbrot og spenningsvariasjonar i nettet.

Per i dag er kring 50 % av våre kundar kobla over på “ny nodeteknologi”. Det er berekna at dette arbeidet skal vere heilt ferdig innan utgangen av 4. kvartal 2018.  Alle kundar blir varsla med sms i forkant av kvar omkopling og vi gjennomfører omkobling frå bygd til bygd.

TRÅDLAUST NETT 

Sjekkliste for våre kundar i forhold til trådlaust nett, som for mange kan vere ei utfordring.
Har du smart-tv, streamer du musikk, eller ser borna på youtube? Godt trådlaust utstyr er då avgjerande.

# 1 Sjekk plassering av ruter – sett den fritt og gjerne litt høgt slik at den får sende signalet utover i rommet.

# 2 Sjekk hastigheit i fleire rom – sjekk gjerne hastigheit i fleire rom etter at du har montert eige trådlaust utstyr. Dersom du mister mykje hastigheit i enkelte rom/etasjar kan det lønne seg å investere i ein ruter med fleire einingar, då blir signalet fordelt rundt i heile huset på ein betre måte.

# 3 Direkte med kabel – til krevjande bruk er det ein fordel å bruke kabel direkte om du kan – datamaskin (speling), SMART tv-ar.

# 4 Sjekk ruteren din (gammal eller ny) – dersom du har eigen trådlaus ruter kan det lønne seg å oppgradere denne. Dersom den er gammal kan det medføre hastigheitstap på eige trådlaust nett.

# 5 Sjekk eige utstyr – sjekk pc-ar, nettbrett og anna utstyr jamleg for virus og unødige ting som tar plass, og reduserer hastigheita.

# 6 Ring oss! Ikkje nøl med å ringe oss om, du har spørsmål eller ting du lurer på. Du når oss på tlf 53 47 56 40 (ope frå kl. 07:30 – 15:00) alle kvardagar.
Vår e-post adresse er post@kband.no.

# 7 Nettside/facebook – du finn oppdatert informasjon og tips frå oss på vår heime-og facebookside.

Kvinnherad Breiband sine Lett på nett # 1 og # 2.