Utplassering hjå Kvinnherad Breiband

Publisert

Mi utplasseringstid hos Kvinnherad Breiband (Veke 47-48)

I utplasseringa mi har eg følgd og jobba med dei 3 montørane som er ansatt hos Kvinnherad Breiband (Edmund, Gunnar og Bengt). Eg har fått vere med på serviceoppdrag, omlegging av fiber og utbygging disse 2 vekene. Sidan Kvinnherad er så stort og flott som det er har eg jobba i flotte bygder som Ænes, Ølve og Omvikedalen.
Nattarbeid er også ein del av arbeidslivet så dette heiv eg meg på når eg fekk moglegheita. Eg har blitt lært å skøyte fiber, kabeltypar og fargekodar, blitt kursa i programma som montørane brukar og fått eit lite kurs i stolpeklatring.
Vekene gjekk snart, det har vore kjempe triveleg og eg har kost meg i arbeidet og med det flotte personalet hos Kvinnherad Breiband.

-Eivind Raudstein Tofte (elev kvv 2. år elektrolinja)

 

Eivind utplassering      Edmund og Eivind II      Eivind utplassering II