Utbyggjing av fiber

Kvinnherad Breiband har no bygd fiber til store delar av kommunen og alle sentrale delar av kommunen er tilnærma ferdig utbygd. Det står att nokre få utkantområder som dels ligg avsides og dels er svært grisgrendt, samt nokre avgrensa områder i meir sentrale strøk. Felles for disse områda er at dei er svært kostnadskrevjande å byggja fiber til, og det vil ta nokre år før alt er på plass.
Samla kostnad for gjenståande utbygging er kostnadsrekna til 8- 10 mill.

Vi arbeider med finansieringsmodellar som tek sikte på å gjennomføra dette over ein 4 – 5 års periode (2016- 2020)

Påmeldingar til dei ulike prosjekta kan vera med og påverka kva områder vi byggjer først. Nokre av prosjekta er imidlertid slik at det føreset at anna prosjekt må byggjast før ein kan settja i gang.

Påmelding til alle prosjekt kan du som privatkunde gjera her.

Nedafor har vi laga ein oversikt over status for fiber i dei ulike bygdene, og sjølv om det beskrive at alle kan få fiber så er det fortsatt utkantar som det vert krevd fleire bestillingar og eventuelt anleggsbidrag før vi kan setja i gang utbygging.
Kvinnherad Breiband har vedteke ei øvre grense for utbyggjing på kr 22.000,- eks mva pr kunde. Kostnad utover dette må dekkjast inn av offentleg tilskot / annleggsbidrag frå kunde.

Utbyggjingsoversikt.

Gjenståande utbyggjingsområder 2016- 2020

OmråderPlanlagt oppstartPlanlagt ferdigstilling
2016
Neslia - LøfallstrandHausten 20162016
Gjetingsdalen (Mauranger)Hausten 20162016
Ytre Matre - Sunde i Matre (Fergekaien)Hausten 20162016
2017 - 2020
GangstøUkjent
Rustene Husnes
Snilstveitøy /SkorpoUkjent
BaugstrandaUkjent
Helland (Husnes) Ukjent
Stabburshaugen