UØNSKA EPOST. RÅD OG TIPS OM KORLEIS DU BEGRENSAR DETTE.

Publisert

Vi får stadig henvendingar frå folk som får uønska epost, noko som er eit aukande problem. På supportsida vår vil du finne tips om korleis du kan setje opp eposten din og bli kvitt uønska epost. Det er ikkje lett å bli kvitt alt, men med ein liten innsats og opprydding vil du kunne redusere mengda.
Det er og lurt å innarbeide seg rutinar for lagring og sletting av epost, slik at det blir meir oversikteleg. Sjekk ut mulighetane du allereie har, og du kan få ein betre kvardag.

Ver varsam.
Ver varsam med kva du seier ja til når du er på nett, ver varsam når du får epost. Det er sunt å vere skeptisk til epost du ikkje kjenner avsendar til. Sjekk kva som står etter @. Døme; ein av våre tilsette fekk faktura frå Stavanger Fondsforvaltning som skulle betalast til Fjellinjen. Bak @ stod det; @osman.com.tr. Dette har ingenting med Stavanger Fondsforvaltning å gjere, berre slett.

Meld deg av SPAM\Nyhetsbrev:
Mykje av eposten som kjem er reklame, kan hende du har bestilt noko og dermed lagt igjen epostadressa di. Desse kan du bli kvitt ved å trykke i eposten der det står avmeld eller unsubscribe.
Korleis setja opp spamfilter:
Du vel innstillingar.
Du vel Anti-Spam innstillinger.
Meldingsklassifisering, korleis du vil filteret skal handtere e-posten.
Du legg til avsendarar du ynskjer å sperre.
Vil du blokkere for eit domene legger du inn “test.no”, for å blokkere bare ein avsendar legg du inn til dømes “test@test.no”.
På heimesida vår og fanen «support» finn du meir utfyllande opplysningar og skissar som syner korleis du gjer det.

Les meir her.

20160829-_TLE8521

LOKAL SERVICE. GLOBAL OPPLEVING.