Tippekampen er tilbake!

Publisert

TV 2 relanserar no Tippekampen i samarbeid med Get, og alle Get-kundar får ein fast kamp frå engelsk Premier League kvar laurdag.

Heile 18 år er gått sidan sist gong engelsk toppfotball gjekk fast på ein open kanal i Noreg, men frå og med 4. februar er Tippekampen tilbake på norske tv-skjermar – i hvert fall hos Get.

Denne vinteren vil vi i samarbeid med Get gjere ei rekkje forbetringar i tv-tilbodet vårt. Vi vil løfta fram og gjere norsk underhaldning, seriar, filmar og ikkje minst sport tilgjengelig på ein måte som aldri har vore gjort før.
Relansering av Tippekampen er ein viktig del av satsinga på premium sport, i tillegg til Eliteserien der alle kampane vil vere tilgjengelige for Kvinnherad Breiband sine kundar frå 1. april 2017.
Så snart vi får meir informasjon om dette blir det lagt ut på heimesida vår til informasjon for alle våre tv-kundar, opplyser Gunnhild N. Hillestad, dagleg leiar i Kvinnherad Breiband.

Get og TV 2 inngjekk i januar ein ny langsiktig samarbeidsavtale. Tippekampen blir lansert som eit ledd i dette samarbeidet, og no er også alle TV 2 sine kanalar tilgjengelege på Get sin tv-app kor som helst i Noreg.

Get sine tv-kundar kan vente seg fleire lanseringar og nyvinningar i tida som kjem.

– 2017 blir eit spanande år å vere tv-kunde hjå Kvinnherad Breiband som Get partner.

Vi i Kvinnherad Breiband gledar oss over av alt det kjekke som kjem i månadene framover.

Family watching TV together at home

Familiekos.

Har du som Kvinnherad Breiband sin tv-kunde litt spørsmål kring dette kan du lese endå meir om det nye tilbodet her eller ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 53 47 56 40
(her er ope frå kl. 07:30 – 15:00 man – fredag).

VI BUR DER DU BUR. DET GJER EIN FORSKJELL.