RÅD OG TIPS TIL GOD NETTBRUK MED TRÅDLAUST NETT.

Publisert

Internettbruken har endra seg mykje dei seinare åra. Der vi før hadde ein pc og kanskje 2 i husstanden har dei fleste no fleire einingar i huset, gjerne kvar sitt nettbrett i tillegg til mobiltelefonar og PC-ar. I tillegg har kvardagsbruken gått frå mest nyttefunksjonar og vanlege nettsider gått over til straumetenester (streaming) der ein ser på TV-kanalar, seriar og filmklipp som krev meir nettfart på kvar tilkopla eining enn det som har vore normalen.

Så korleis gjere seg nytten av den farten du har inn i huset? I dag får du levert ein gitt hastighet frå nettleverandøren din som skal delast ut til alle einingane i huset. Ein familie på fire har gjerne 5-10 einingar som skal dele på denne hastigheten, som oftast er desse einingane knytta til internett via ein trådlaus ruter.

Kva kan du gjer for å få optimal distribusjon av nettet i din heim? Det enklaste og billegaste å gjere noko med er å sjekke plasseringa av den trådlause ruteren din. Det kan hende det er nok å flytte den til ei meir gunstig plassering. Dersom husstanden har mange einingar og mykje bruk kan det vere fornuftig å investere i ein ny ruter som er tilpassa bruken og brukarane ein har tilkopla. Det er og fornuftig å kople tunge brukarar direkte med kabel i ein eigen switch (fordelar) der dette er mogeleg. Td. PC, playstation, X-box og andre einingar som har nettverkskort for kabeltilkopling. Desse vil då ikkje oppta kapasitet i den trådlause ruteren.

Vi anbefalar denne artikkelen på «dinside.no» som er ein nøytral nettstad som heile tida testar og kjem med råd og tips om kva som finst, og kva som er fornuftig å kjøpe til din bruk.