KVINNHERAD BREIBAND GÅR TIL FILMEN

Publisert

For å betra servicen til våre kundar prøver vi no eit  nytt medium, film. I desse dagar spelar vi inn 2 informasjonsfilmar som skal vera meint som hjelp til sjølvhjelp med eit glimt i auga.  Filmen er sjølvsagt produsert i Kvinnherad med Kvinnheringar og av Kvinnheringar.

Den unge talentfulle filmskaparen Merethe Offerdal har teke på seg å lage filmen og står sjølv for kameraføring og redigering. Med seg har ho fått arkitekt, musikar og Uskedeling Wermund Vetrhus på lydopptak  og komponering.  Husnesing og filmguru Karl Petter Vårdal står for dronefilming i vakkert Kvinnhersk landskap.

Kvinnherad Breiband sin daglege leiar Gunnhild Nilsen Hillestad er prosjeiktleiar, stylist, interiørkonsulent og altmuligdame veldig godt hjulpen av Margit Lund-Mikkelson som stiller stove og hus til disposisjon under innspelinga. Margit har og bak seg eit lengre vikariat i Kvinnherad Breiband.  Arne Torget har jobba fram ramma til eit manus, og er regiassistent for Merethe. Arne har mange års erfaring frå revy, og er god å reindyrka rollene til dei to skodespelarane.

Sjølve filmstjernene er den unge lovande advokaten Per Ivar Hessen og svigerfar hans, tusenkunstnaren og livskunstnaren Kjell Musland. Vi får sjå dei i kvardagslege situasjonar der den unge framadstormande heimearbeidande advokaten får tips av ein litt meir enn hjelpsam svigerfar til utfordringar med å komme på nett.

På filmsettet har vi blitt eit samansveisa team, og Kjell og Per Ivar har gått inn i rollene med liv og lyst, og har vore aktivt med å utforma sin eigen dialog på bakgrunn av manus.

Vi gler oss til å presentere dei to filmane før sommarferien og vonar dei vil gje litt kvardagsglede med eit hint av gode breibandstips. Blir dei godt mottekne kan det bli fleire filmar.  Filmane  vil bli lagt ut på Youtube  og blir å finne på heimesida vår.

Wermund  Merethe og Per Ivar  Merehe og PI

Kjell Musland   Bladfyken  Arne

Nokre glimt frå stova der filminnspelinga har gått føre seg.