Velkomstinformasjon

Kband logo II
Velkomen som ny kunde i Kvinnherad Breiband

Kvinnherad Breiband ynskjer deg velkomen som ny kunde hjå oss og vi håpar du blir nøgd med dei tenestene du no kan ta i bruk.

Internett

Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett.
Gjeldande prisar og bandbreidde finn du på vår heimeside www.kband.no. Vi tilbyr ulike båndbreidder tilpassa behov.

Med fiber frå Kvinnherad Breiband får du lynraskt internett – så raskt at store filer blir lasta ned på få sekund. Du er online heile døgeret og du kan surfa så mykje du vil utan av det kostar deg noko ekstra.
Det blir noko heilt nytt å lagra og senda bilder. Ferieminner kan delast med familie og vener på sekund. Du treng ikkje lenger vente på å lasta ned bileter du sjølv mottek, eller musikk du vil høyra på.
Internett har forandra seg enormt dei siste åra, og stadig større filer blir sendt over nettet.
Vi brukar internett og vår eigen pc meir og meir som ein underhaldningsboks på lik linje med stereoanlegget og TV-apparatet. Dette krev endå meir av internettsambandet ditt.

Disse hastigheitene kan vi tilby, til fylgjande månadsprisar:

Fiber 100 50/50 Mbps – kr 499
Fiber 150 75/75 Mbps – kr 599
Fiber 200 100/100 Mbps – kr 699
Fiber 400 200/200 Mbps- kr 999
Fiber 800 400/400 Mbps- kr 1299
Fiber 2000 1/1 Gbps- kr 1599
Fiber Fritid 15/15 Mbps – kr 399

Sørg for at du har det beste til deg og din familie!

Get_Ipad_25s_oldman_3net_mst_v001-Windows_Media_720P

TV frå Get

Kvinnherad Breiband leverer tv i samarbeid med vår GET partnar. Vi tilbyr fritt kanalval (veiledning her), noko som betyr at du kan bytte kanalar innanfor din eigen kanalpakke, akkurat når du ynskjer det.

Du kan også laste ned Get tv App og nytte våre tenester på nettbrett og mobiltelefon.

Du finn god informasjon om dei ulike kanalpakkane og endring av kanalar på vår heimeside her.

MC 1

Get logo screen

Telefoni

Telefonapparatet kan koblast direkte i din heimesentral og du kan bruke telefonen på same måte som tidlegare.
Vi tilbyr fleire telefonipakkar, tilpassa ulikt bruksmønster.
Les meir om dei ulike telefonipakkane Lokal, Najonal og Global her.

 

Tips og råd

Hugs å oppdatere personalia inne på vår nettside, då vi sender ein del informasjon pr sms og e-post.

Nettsida vår kan brukast til tenesten «fritt kanalval» (dersom du har tv-abonnement), finne oversikt fakturaer, leveranseoversikt, kundeprofil, m.m.

Ditt kundenummer og PIN-kode står på dine faktura frå oss, bruk dette til innlogging via framsida på www.kband.no, her (oppe til høgre).

Innlogging Kband

Illustrasjonsfoto av innloggingsbilete

Påkobling av vårt utstyr

Heimesentralen vi leverer i dag (Tilgin) har innebygd trådlaust nett for PC/MAC/nettbrett/mobil.

Nettverksnamn (SSID) og passord (WPA) står påført på baksida av
heimesentralen.

Trådlaust nett

Det trådlause nettet i vårt utstyr er berekna for lett bruk. For «tyngre» bruk som til dømes video-strøyming og speling anbefaler vi kundane å bruke eige trådlaust utstyr (router/aksesspunkt), dette kan kjøpast hjå lokale elektrobutikkar. Les meir om tips og råd kring trådlaust nett her.

Om oss

Kontortid Dimmelsvik frå 07:30 – 15:00 (man – fred) Telefon 53475640
Vakttelefon etter kl 15:00 – 07:30 Telefon 53475670 (alle dagar)

Vi har også fast kontordag i Kest-Bygget (politistasjonen) kvar torsdag frå kl 08:00 – 15:00
*vi følger skuleruta.

Vi håpar du blir nøgd med våre produkt og oppfordrer deg til å kontakte oss om du har spørsmål.

Vi bur der du bur. det gjer ein forskjell.

Lukka til!