No gjer Get TV-kvardagen enno betre.

Publisert

Alltid noko du vil sjå!
Våre TV-vanar har endra seg mykje dei siste åra. Mange nyttar seg i dag av strøymetenester
(streaming) når dei ser på TV. Dette har Get teke på alvor og har difor kjøpt rettigheiter til fleire innhaldsleverandørar og lagt det inn som eit val i Start Grunnpakken. Det betyr at våre kundar som har TV hos oss no får tilgang til fleire tenester i Get Start Grunnpakken, tenester som mange i dag betalar ekstra for direkte gjennom andre leverandørar.

20160808-_TLE3747-2539x1695

Prisendring på alle tv-abonnement frå 1. mai
Som eit resultat av forhandlingar og stor auke av tilbydande tenester i våre nye Get tv-pakkar blir det ein prisauke på kr 50 i månaden. Som bonus blir ei rekkje og tenester tilgjengeleg utan at du betalar ekstra for det. Vi håpar du som kunde kan ha stor glede av dette i tida som kjem!
Ny pris frå 1.mai for Start Grunnpakken blir kr 449 pr mnd og Familiepakken kr 598 pr mnd.

Innlogging nettbrett/telefon og datamaskin
For innlogging på nettbrett/PC eller mac får du eige brukarnamn og passord. Dette får du ved å laste ned
«Get-tv» appen via playbutikk eller Appstore. Merk deg at det er eigar av abonnementet i Kvinnherad Breiband som må gjere dette, fyrste gongen. To brukarar per husstand kan nytte seg av denne tenesta samstundes, i tillegg til at du sjølvsagt kan sjå tv på gamlemåten. Frå 1. april får våre tv-kundar utvida valmoglegheiter, ikkje berre på tv-dekoderen, men også på mobil, nettbrett og i nettlesar på PC/mac. Det vil seie at du kan ta innhaldet i TV-pakken med deg der du er, betalingskanalar og du kan byte innhaldet når det passar deg på vår heimeside www.kband.no under «mi side», brukarnamn og passord står på fakturaen din. Merk deg at det er ulikt brukarnamn og passord for bruk av Get tv-app og vår heimeside. Passord for innlogging på vår heimeside står på fakturaen din. Brukarnamn og passord for bruk av Get tv-app får du i samband med nedlasting av appen (følg veiledning).
Til sumaren vil det kome nettlesarteneste også på Apple TV, og som nettlesarteneste via Chromecast, slik at du kan sjå innhaldet “på den store skjermen”.

20160808-_TLE3734-Edit-2539x1695

Kva er nytt for deg som vår tv-kunde?
Det som er heilt nytt er at du også kan sjå TV i nettlesaren på PC/mac-en din, mot tidlegare kun mobil/nettbrett og via tv-dekoderen. Det vil seie at så lenge du har nett tilgjengeleg har du din eigen TV-pakke med deg på reisa, anten det er på hytta eller i bubilen eller kor du enn ferdast. Gjesterommet kanskje? Eller når Brann spelar og kånemor har klubb? Sett deg i det rommet der du trivest best og sjå det du vil. Get har inngått avtale med Discovery som har rettane til norsk fotball i 6 år, OL dei 8 neste åra og ei rekkje andre sportsarrangement. I tillegg får du i løpet av våren HBO med alle sine filmar og seriar, Cirkus med mykje gode engelske seriar, Curio med ei rekkje gode naturdokumentarar, med meir.

Poengoversikt
Start Grunnpakke går frå 28 til 50 poeng. Auken skjer allereie 1. april.
Din eigen tv-pakke kan du sjølv endre via vår heimeside (“mi side”), akkurat når du sjølv ynskjer det.
Har du Familiepakken, eller bestiller denne (+ 149 kr per månad i tillegg), har du 110 poeng til disposisjon, mot tidlegare 50 poeng. Dersom du ynskjer å oppgradere til Familiepakken kan du gjere det sjølv via fjernkontrollen.Fotball til folket
Kva må DU gjere?
Dersom du er nøgd med det utvalet du har i dag treng du ikkje å gjere noko.
Vi ynskjer likevel å gjere deg merksam på at din «nye get tv pakke» har mykje å by på, om du ynskjer ei forandring. Dersom du sjølv allereie har vald dine kanalar via heimesida vår beheld du dei. Kvar kanal er no gjort om til poeng. 12 kanalar ligg fast; Nrk1,2,3, TV2, TV2 nyhetskanalen, Bliss, Zebra, TV Norge, FEM, VOX, TV3, TV6. Utover disse har du 50 poeng til disposisjon med Start Grunnpakken og 110 poeng med Familiepakken.

Kva får DU EKSTRA frå 1. april?
Norsk toppfotball – inkl. Eliteserien og Obos-ligaen som tidligare kosta kr 329 per mnd.
Tippekampen frå Premier League kvar laurdag kl 16:00 – Kun tilgjengeleg hos Get .
Internasjonal sport – NHL, UFC, NFL og handball fra EHF Champions League og Bundesliga.
FilmFavorittar – Over 200 populære filmtitlar fritt tilgjengeleg. Verdi frå kr 19 til kr 39 per film.
Cirkus med anerkjende britiske seriar, dokumentarar og naturprogram. Verdi kr 49 per mnd.
Ny strøymeteneste med TV i nettlesar («browser tv»).
HBO Nordic – kan velgjast inn i tv-tilbodet utan ekstra kostnad. I fyrste omgang tilgjengelig på Get Nett-TV og vil fortløpende lanserast på andorid/IOS for Get App og Get dekoderen. HBO Nordic kan du og kjøpa som eige produkt, og kostar 89 kr. pr. mnd.

TV2Sportskanalen

Du kan lese meir om endringane på www.kband.no eller ta kontakt med vårt kundesenter på tlf 53 47 56 40 kvardagar frå kl. 07:30 – 15:00, om du har spørsmål eller treng veiledning.

Vi oppfordar også våre kundar til å like vår facebookside, her finn du alltid oppdatert informasjon frå oss.

Din nye TV kvardag byrjar no. Prøv sjølv, og bli begeistra!

Beste helsing din lokale breibandsleverandør

logo