Leveringsbetingelser – Privat

Kvinnherad Breiband AS
Standardkontrakt og leveringsvilkår for private

1. Generelt
Følgjande vilkår gjeld som tillegg til avtale om privat abonnement for tilgang til tenester mellom Kvinnherad Breiband AS (KB) og abonnenten (Kunden). Eit abonnement med tilhøyrande tenester gjeld for ein bestemt husstand innanfor KB sitt nettområde.
Tilknyting til tenesta blir levert dersom det er teknisk mogleg og økonomisk forsvarleg å levera dette til Kunden. Dersom det av tekniske eller økonomiske grunnar ikkje er mogleg å levera tenesta til Kunden, betaler heller ikkje Kunden noko for forsøket, så sant ikkje noko anna er avtalt.
Dersom Kunden flyttar, opphøyrar abonnementet. Under føresetnad av at KB kan levera tenesta på den nye adressa, kan Kunden ta med seg abonnementet mot å betala gjeldande flyttegebyr. Etableringsgebyr blir ikkje refundert. Spesielt avtalte vilkår gjeld framfor generelle.
Partane har teieplikt om alle tilhøve av konfidensiell art, inkludert opplysningar om personlege forhold, opplysningar som kan skada ein av partane eller som kan utnyttast av utanforståande i næringsverksemd. Partane pliktar å gjera dei tiltak som er nødvendige for å sikra at materiale og opplysningar ikkje blir gjort kjent for andre i strid med avtalen. Dette gjeld også etter at avtalen er opphøyrt. Opplysningar kan likevel utleverast med Kunden sitt samtykke eller gjevast til domstolane, påtalemakta eller andre offentlege styresmakter når KB er rettsleg forplikta til å utlevera slik informasjon. Blir KB rettsleg forplikta til å utlevera slike opplysingar, vil Kunden bli informert om dette.

1.1. Bestilling
Bestilling av abonnement og tenester via Internett, skriftleg eller per telefon, eller betaling av etableringsgebyr og månadsleige er å sjå på som aksept av vilkåra. Dersom ein kunde tar i bruk KB sine tenester utan at det er inngått nokon uttrykkeleg avtale, blir dette rekna som om han har akseptert desse vilkåra. KB kan foreta ei rutinemessig kredittvurdering av nye abonnentar, med rett til å avslå leveranse utan ytterlegare grunngjeving.

2. Produkt
KB stiller dei produkta som er spesifisert i Bestillingsskjema til rådvelde for Kunden. Ein liten del av kapasiteten skal nyttast til kontrollinformasjon, slik at reell hastighet vil kunna vera noko lågare enn det som er oppgitt i spesifikasjonane for produktet. Kapasitet og innstillingar på Kunden sin maskin vil også påverka hastigheita.
Linehastigheita vil vera inntil den klassen som er bestilt. Breibandstilgangen blir levert til ein definert kilobit per sekund rate. KB kompenserer etter evne evt. signaltap på lina, dersom ikkje noko anna er spesifisert, men særleg i periodar med stor belastning på nettet vil Kunden kunna oppleva å få dårlegare kapasitet og hastighet enn det som er opplyst i prislista. Er det av tekniske grunnar ikkje mogleg å levera den hastigheitsklassen som er bestilt, vert den høgaste moglege klassen rekna som bestilt. Hastigheita ut mot Internett vil kunna variera pga. lokale forhold på nettet, som KB ikkje har herredømme over.
Breidbandstilgang blir levert til nettermineringspunktet (NTP). NTP er definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privat nett. NTP kan vera plassert utanfor eller straks etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der breibandstilgang er bestilt (grunnmursprinsippet). Intern kabling som måtte vera nødvendig for å levera breiband til bustaden, er Kunden sitt eige ansvar. Om Kunden ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar, må han betala tillegg for dette ut over etableringsprisen, i samsvar med KB eller underleverandør sine prisar.
Kunden skal nytta det utstyret som KB plasserer hos han. Kunden er pliktig til å gi KB tilgang til utstyr som inngår i nettet og som er KB eller netteigar sin eigedom. Kunden er ansvarleg for utstyr som i skildringa av tenesta er oppgitt som kunden sin eigedom, sjølv om utstyret er framskaffa og betalt av KB. Tildelte brukarnamn og passord som er gitt til Kunden, pliktar han å oppbevara på ein måte som hindrar uvedkommande tilgang.

2.1. Tilknytte tenester
Gjennom breibandstilgangen får Kunden tilgang til Internett, e-post, heimesider og eventuelle andre tenester, ifølgje bestillinga. Driftsforstyrringar på desse tenestene kan førekoma.

3. Oppetid og brukarstøtte
KB kan hjelpa Kunden med teknisk brukarstøtte til tider som er annonsert. Feil eller manglar ved nett eller forbindelsar skal utbetrast innan rimeleg tid og utan kostnad for Kunden, dersom ikkje feilen/mangelen kan tilskrivast forhold hos han eller andre forhold KB ikkje har kontroll over. Ved nødvendige opphald i tenesta pga. feilretting, utstyrsoppgradering o.l. vil Kunden bli varsla elektronisk på førehand (under føresetnad av tilgjengelege kundedata) og via eigne sider for driftsmeldingar, så sant dette er mogleg. Oppgraderingar av vesentleg art, som medfører at store delar av nettet blir utilgjengeleg, skal primært gjennomførast natt til tysdag mellom kl 00.01 og kl 06.00.
Ved avbrot skal Kunden gjera KB merksam på brotet så snart som mogleg. KB vil gi ei omtrentleg rettetid og informera Kunden. KB kan stilla teknisk personell til rådvelde for problem på Kunden sitt utstyr for hans rekning. Reparasjonar/arbeid på nettet og/eller utstyr, som er KB/netteigar sin eigedom, må berre utførast av KB eller personar som KB har godkjent og gitt særskilt løyve. Dersom Kunden på eige initiativ set i verk tiltak for å utbetra mangelen ut over det som måtte vera avtalt med KB, betalar ikkje KB desse utgiftene.
Feil kan meldast til kundesenteret på telefon eller e-post til support@kband.no.

4.3. Erstatning
4.3.1. Tap
KB er ikkje ansvarleg for tap som følgje av manglar, med mindre tapet er påført ved grov aktløyse eller forsett frå KB si side. Som tap blir rekna:

• tap som følgje av mindre eller bortfall av produksjon eller omsetning (driftsavbrot)
• tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som føresett (avsavn)
• tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir rett oppfylt
• tap som følgje av skade på anna utstyr enn det som er levert av KB, og gjenstandar som utstyret blir brukt til framstilling av eller som har nær og direkte samanheng med det bruk som utstyret føreset.

4.3.2. KB sitt samla ansvar
KB sitt samla erstatningsansvar er avgrensa til kr 2.500,- for kvart tilfelle, med mindre tapet skuldast grov aktløyse frå KB si side.

5. Ekstraordinære bruksrestriksjonar
I nødstilfelle, medrekna alvorlege trugsmål mot helse, tryggleik eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande situasjonar, inklusiv streik eller lockout og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, kan KB avbryta tenesta heilt eller delvis. KB har rett til å setja i verk tiltak som kan medføra avbrot, forstyrringar eller endringar av tenesta som er nødvendige av tekniske, vedlikehaldsmessige eller driftsmessige årsaker. KB er utan ansvar for kostnader, tap eller skade som Kunden måtte bli påført som følgje av slike tiltak. KB vil gjera sitt beste for å varsla om slike tiltak i god tid og syta for at ulempa for den enkelte kunde blir minst mogleg.
Det kan skje endringar i tilførselsnettet som gjer at KB ikkje lenger kan levera breiband eller Internettaksess. Dette medfører at tenesta må stengjast for ein periode. KB skal likevel utan opphald søkja å finna alternative tilgangsruter slik at tenestene igjen kan leverast.

6. Varigheit, oppseiing og heving
Abonnementet kan seiast opp med ein (1) månads skriftleg varsel frå begge partar. For abonnentar utan bindingstid, vil oppseiinga gjelda frå komande kvartal. For abonnentar med bindingstid, vil oppseiinga gjelda frå komande kvartal. Deretter vil abonnenten bli fakturert for den resterande delen av etableringsavgifta som ikkje er finansiert frå starten av kontrakten til det tidspunktet abonnenten er løyst frå kontrakten. KB refunderer ikkje kvartalsvise førehandsinnbetalingar når årsaka er oppseiing. Ved oppseiing av avtalen blir ikkje innbetalt etableringsgebyr refundert. Dersom det oppstår tekniske problem med leveranse/overføring og KB med rimelege midlar ikkje kan utbetra problema, kan KB seia opp avtalen. Ved oppseiing frå KB på grunn av manglande muligheit til levering av bestilt produkt eller av andre grunnar som ikkje skuldast mislighald, skal det innbetalte etableringsgebyret refunderast.

7. Kunden sitt bruk av nettet og forbod mot vidareføring av nett eller tenester
Kunden har berre rett til å nytta abonnementet på vanleg måte som føresett av KB. Det er ikkje tillete å vidareføra signal eller formidla tenester frå gjeldande nett korkje til utanforståande eller til andre abonnentar hos KB. Med utanforståande meiner ein personar som ikkje er abonnentar hos KB. Brot på desse føresegnene er å sjå på som mislighald. Kunden kan ikkje vidareformidla kapasitet på abonnementet sitt, og heller ikkje leggja opp interne nettverk slik at andre får tilgang til KB sine tenester. Kunden kan ikkje driva næringsverksemd på eit abonnement for private kundar, utan at det er særskilt avtalt med KB. Adresseendringar og andre endringar av betyding for kundeforholdet, må meldast til KB innan rimeleg tid. Kunden kan ikkje overdra abonnementet eller nokon del av det til andre enn familiemedlemmer i same husstand utan skriftleg samtykkje frå KB. Ved dødsfall, eller dersom Kunden har flytta frå husstanden og tidlegare sambuar/ektefelle skal overta abonnementet, kan overdraging av abonnement skje utan omkostningar ved melding frå den som ønskjer å overta abonnementet.

8. Eigartilhøve og ansvar
KB har eigedomsretten til alle faste og lause installasjonar som KB monterer i nettet og utstyr som blir plassert ute hos Kunden. KB er ansvarleg for produktet i samsvar med gjeldande vilkår i lov som pålegg ansvar. Utover storleiken på etableringsgebyret, er KB ikkje ansvarleg for direkte økonomisk tap, som Kunden måtte li som følgje av at han er avskoren frå å bruka KB sine produkt. KB er ikkje ansvarleg for følgjeskadar. KB tar ikkje ansvaret for innhald på Kunden sin PC eller øydeleggingar på denne. Kunden pliktar å gjera seg kjent med og overhalda dei til ei kvar tid gjeldande abonnementsvilkår frå KB, samt andre reglar og påbod gitt frå KB i samband med bruk av tenestene. Kunden er sjølv ansvarleg for all informasjon han utnyttar, formidlar eller spreier ved hjelp av tenesta. Kunden forpliktar seg til ikkje sjølv å nytta eller la andre nytta sin Internett-aksess eller andre breibandstenester frå KB i strid med norsk lov med forskrifter. Kunden har plikt til ikkje å forsera elektroniske sperrer eller kodar, eller på annan måte å skaffa seg urettvis tilgang til tenester og system. Det er ikkje tillete med masseutsending av reklame, e-post eller anna, eller til å bruka nettet til å spreie kjedebrev og anna. Internett-aksessen skal ikkje nyttast til å driva eigne servertenester – herunder, men ikkje avgrensa til; peer to peer, ftp, web, nntp, proxyserver eller dhcp. Slike tenester, så vel som VPN, kan gjerast tilgjengeleg for Kunden etter særavtale om desse produkta. Kunden må ikkje bruka nettet til spreiing av datavirus, opphavsrettsleg beskytta materiale eller skuldingar som av tredjepersonar kan oppfattast som krenkjande, herunder rasisme og pornografi.
KB tek unna retten til utan føregåande varsel, å stengja Kunden sin tilgang til nettverket dersom KB får kjennskap til at han misbrukar tenesta til spreiing av barneporno, rasistiske ytringar, ærekrenking eller brot på opphavsrettar.
Kunden er ansvarleg for skadar han sjølv påfører KB sin eigedom, forsettleg eller ved aktløyse. Kunden kan ikkje endra på konfigurasjonen av KB sitt utstyr og heller ikkje på utstyr som Kunden sjølv eig, når KB nyttar dette for å levera tenesta. Kunden er sjølv ansvarleg for tryggleiken i samband med eventuelle datainnbrot eller forsøk på dette frå ein tredjepart mot eigen PC.
Ved avslutting av abonnementet er Kunden ansvarleg for fritt å levera tilbake alt utstyret som KB har utplassert. Kunden må returnera slikt utstyr til KB innan 30 dagar elles vil han bli fakturert for utstyr som ikkje er returnert innan fristen.
KB kan krevja eit depositum for utstyr som Kunden har leigd. Storleiken på beløpet går fram av Bestillingsskjema til ei kvar tid og kan variera etter omfanget av det utstyret Kunden disponerer. Ved avslutting av eit abonnement skal KB refundera det deponerte beløpet, under føresetnad av at utstyret er returnert intakt og utan skader utover normal slitasje. Depositumet er spesifikt knytt til KB sitt utstyr og kan ikkje nektast refundert eller tilbakehaldast for å dekkja andre krav mot Kunden, som til dømes ubetalt leige. Størrelsen på depositumet avgrensar ikkje Kunden sitt ansvar overfor KB i tilfelle av skade på eller tap av KB sitt utstyr. Konfiskert depositum er ikkje til hinder for at KB kan søkja vidare kompensasjon.

9. Betaling
I dei tilfelle kor bestillinga utløyser eit etableringsgebyr, skal dette innbetalast før tilknyting. Fast leige forfell til betaling forskotsvis per kvartal. Eventuelle seinare bestilte tilleggstenester forfell og blir innkravd saman med breibandsleiga. Eventuelle kostnader knytt til samtaletrafikk og andre tenester, vil bli fakturert etterskotsvis per kvartal. Ved manglande betaling frå Kunden vil han få betalingspåminning og inkassovarsel. Dersom Kunden ikkje betalar innan 14 (fjorten) dagar etter at varsel er motteke, vil fordringa bli sendt til inkasso. Ved for sein betaling blir renter frå betalingsfristen tillagt i samsvar med gjeldande morarentelov. KB kan stengja tilgangen til nettet dersom faktura etter varsel ikkje er betalt innan fristen.
Dersom Kunden sin tilgang blir avstengd pga. manglande betaling og han ønskjer å gjenopna tilgangen innan 30 dagar frå stenging, vil Kunden bli belasta med gjeldande gjenopningsgebyr. Dersom Kunden sin tilgang er stengt i meir enn 45 dagar, blir abonnementet rekna som oppsagt og utstyret vil bli kravd returnert til KB. Dersom Kunden ønskjer å gjenopna tilgangen når abonnementet er rekna som oppsagt, skal gjeldande etableringsavgift betalast. Om KB sitt tilgodehavande overstig kr 2.500,- eks. mva., kan KB mellom ordinære faktureringstidspunkt krevja at Kunden betalar heile eller delar av beløpet.

10. Mislighald
Dersom Kunden mislegheld avtalen, kan KB sperra for tenester eller kopla frå forbindelsen til Kunden. Der det er sakleg grunn for det, eller at anlegget blir brukt i strid med norsk lov eller i strid med anlegget sin føresetnad og vanleg bruk, er det å sjå som misleghald av avtalen. KB skal gjera tenesta tilgjengeleg for Kunden så snart misleghaldet er opphøyrt. Kunden er ansvarleg for betaling av tenestene sjølv om dei skulle bli stengd på grunn av misleghald.

11. Endring av vilkår
KB kan endra leveringsvilkåra og prisar med ein (1) månads varsel.

11.1. Overdraging frå KB til annan leverandør
KB held unna retten til å kunna overdra rettane og pliktene sine, som er knytt til abonnementet til ein annen eigna leverandør såframt dette ikkje er urimeleg for Kunden.

12. Tvistar
Tvistar mellom Kunden og KB skal ein søkja å løysa med det gode. Dersom tvisten ikkje let seg løysa ved forhandlingar, kan kvar av partane bringa tvisten inn for dei ordinære domstolane.
Kunden skal ha eitt eksemplar av desse vilkåra, som han og KB er bundne av ved bestillinga.