Kjære kunde – ei sumarhelsing frå Kvinnherad Breiband

Publisert

20160805-_TLE3153-2539x1428

Sumaren 2017 står for tur og vi nærmar oss heile 4000 breibandskundar i Kvinnherad Breiband AS. Vi er stolt leverandør av fiber til innbyggjarar i heile kommunen og ser fram til vidare utvikling av selskapet.

Teknologirevolusjon 2017

Sidan oppstart av Kvinnherad Breiband AS har det vore store investeringar i utbygging av fibernett i heile Kvinnherad. Hovudfokus i 2017/2018 vil no vere å oppgradere teknisk utstyr til eit heilt nytt nivå. Dette er eit stort og omfattande arbeid som krev store ressursar frå alle ledd i organisasjonen vår. Vi oppgraderar utstyr for å vere best mogleg førebudd på nye bandbreiddekrav som kjem med stormskritt i åra framover. Vi ynskjer å levere gode og stabile tenester, noko som kjem alle kundane tilgode.

Lett på nett! 

På heimesida vår finn du ei rekkje tips og linkar om trådlause nett, og om korleis du kan optimalisere dette i heimen din.
Av og til kan det vere nok å flytte routeren litt, eller justere antennene slik at dei står i rett posisjon. Dersom du har moglegheit til å kople PC eller spelemaskinar til med kabel er dette det billegaste og beste alternativet. All “tung” bruk av nett er å anbefale på kabel, får du dei tyngste brukarane kobla direkte på kabel blir det meir hastighet å dele på dei trådlause brukarane. For meir informasjon om trådlaust nett les ein nyhetsartiklar på vår heimeside her eller hald deg oppdatert på vår facebookside.
Dersom du opplever dårleg nettkvalitet i heimen, ikkje nøl og ta kontakt med oss.
Vi sjekkar linja di, og med ein samtale kan vi kanskje finne ei løysing der og då, eller sende ut ein av våre montørar dersom det er feil på vårt utstyr. Vi er heilt avhengige av å få tilbakemeldingar dersom du opplever ustabilitet eller brot på linja di.

Har du TV frå Get?
Ta TV-abonnementet med deg.

Family watching TV together at home

Har du Get TV frå Kvinnherad Breiband? Då kan du ta det med deg på tur, det same du ser på dekoderen heime kan du no sjå på nettlesaren i PC-en din.
Har du eit nett i nærleiken er det berre å logge seg på om du vil sjå ein film eller favorittserien din der du er. Eller kanskje du har ein student som ikkje har tilgang på TV, men som har tilgang på nett?  Moglegheita har du allereie no inkludert i abonnementet ditt. Alt du treng er å logge deg på di side på www.get.no/tv.
Du kan no benytte deg av tv-abonnementet via tv, iPad, mobiltelefon og PC/Mac. Prøv då vel! Ring oss gjerne på tlf 53 47 56 40 om du ynskjer meir informasjon, eller sjekk nettsida vår for framgangsmåte.
Hugs at det er den som eig abonnementet i Kvinnherad Breiband som må laste ned app og få tilsendt brukarnamn og passord til å kunne bruke app/get på pc og mac, den fyrste gongen.

Ynskjer du Get-tv frå Kvinnherad Breiband? 

Get logo

Bestill gjerne tv-abonnement på vår heimeside og få fri etablering (verdi kr 499) og 3 månader gratis abonnement (verdi kr 1347). Du kan lese meir om vårt innhaldsrike tv-tilbod på vår heimeside her.
For oversikt prisar kan du sjå på vårt bestillingsskjema her.

No kan du endre din eigen kanalpakke – når du vil! 

Du  endre din kanalpakke på ”mi side” via heimesida vår. Du loggar deg inn med kundenummer og pin-kode som står på fakturaen din, for veiledning trykk her. Endre ”kundeprofil” frå ”straumkontrakt” til ”breibandskontrakt” og du får opp Get TV kanalvelger på venstre sida i menyen. Her kan du fjerne og legge til kanalpakkar og enkeltkanalar innanfor dei 50 poenga du har til rådighet. Ynskjer du fleire poeng i pakken din kan du oppgradere til familiepakken som er 110 poeng, eller du kan bestille HBO som eigen kanalpakke for seg sjølv. Her er eit hav av moglegheiter!

20160808-_TLE3747-2539x1695

Kva kan vi gjere for deg?

Ta gjerne kontakt med oss på kundesenteret, måndag – fredag frå kl. 07:30 – 15:00.
Du kan også sende oss ein epost til post@kband.no, så tar vi kontakt med deg i opningstida vår.

20160829-_TLE8372-Edit-2539x1694

Med ynskje om ein strålande sumar til alle våre trufaste kundar. 

 LOKAL SERVICE. GLOBAL OPPLEVING.