Endring av faktura på TV

Publisert

På grunn av nye mva-reglar frå myndigheitene er fakturaen vår på TV no endra og splitta opp og spesifisert i 2 beløp. Dette gjeld TV Grunnpakke frå Get.

«Den 1. mars i år innførte myndigheitene nye mva-reglar for nyhende- og aktualitetskanalar. Dette inneber at vi må tilpasse våre fakturaer slik at det framgår kor stor del av fakturaen som gjeld nyhende- og aktualitetskanalar og fakturaen er difor tilpassa det nye kravet. Det er ingen endring i beløpet kunden skal betale.»

Det vil då sjå slik ut på fakturaen:
GET Grunnpakke start 01.05.2017 – 01.06.2017 1,00 Mnd 246,95 kr/mnd Kr 246,95
GET Grunnpakke avg.fritt (nyhetskanalar) 01.05.2017 – 01.06.2017 1,00 Mnd 202,05 kr/mnd Kr 202,05

Summen blir altså Kr 449,00 som er gjeldande pris for GET Grunnpakke start.

Minner om at du no kan sjå alt du har i din tv-pakke frå PC i nettlesaren din. Logg deg inn på https://www.get.no/ med mobilnummeret som er registrert på abonnementet ditt og prøv.

 

20160829-_TLE8521